Samarbeidsrådet for Hordaland og Sogn og Fjordane representerer yrkesutøvarane i landbruket i dei to fylka samt næringsmiddelindustrien knytt til samvirkeføretaka i dei same to fylka.  Samarbeidsrådet uttrykkjer i brev til sentrale politikarar på Stortinget kor viktig tollvernet er for landbruksproduksjonen i vår region.

- Vi er i desse dagar svært opptekne av kva utfall den pågåande debatten kring endring i tollvernet for norske landbruksvarer får.  For landbruket i bygdene i fylka våre og for å kunne oppretthalde sysselsetjinga i næringsmiddelindustrien vil det vere avgjerande at styresmaktene brukar dei moglegheitene som ligg i handlingsrommet for tollvernet heiter det mellom anna i brevet

 Viktigheita av å utnytte handlingsrommet i importvernet er framheva av Stortinget sjølv ved handsaminga av landbruks- og matmeldinga.   Der seier fleirtalet følgjande:   ”Flertallet er kjent med at Norge etter gjeldende WTO-avtale har adgang til å benytte enten kronetoll eller prosenttoll for de viktigste landbruksvarene.  Flertallet er enig i at dette handlingsrommet må utnyttes for å sikre et velfungerende importvern også i fremtiden”.

Skal ein lukkast i å nå måla om ein auka matproduksjon må det gjerast grep som kan vere med å styrke økonomien i verdikjeda frå jord til bord.  Ei styrking av tollvernet vil vere avgjerande for å sikre volumet av norske jordbruksvarer, og det vil kunne opne opp for auka prisuttak i marknaden på viktige jordbruksvarer noko som vil vere viktig for å kunne betre økonomien til matprodusenten heiter det til slutt i brevet som har tilslutning frå faglaga og samvirkeorganisasjonane i dei to fylka.