Handlingsplan 2017
Bønder i Sogn og Fjordane har tru på framtida og ønskjer å bygge nye fjøs. Investeringsmidlane for 2016 vart brukt opp første halvår og det er difor opna for å bruke åtte millionar av ramma for 2017.
Det er no opna for nye søknader for fjøs til ammeku og søknader for auke produksjon av frukt og bær. Samstundes vil fleire av dei som ikkje fekk støtte til ku- og sauefjøs i vår no få handsama søknaden sin på nytt.
I Sogn og Fjordane vert det gitt 25 % investeringsstøtte avgrensa til 2 millionar kroner per prosjekt. For større investeringar med omlegging til lausdrift i mjølkeproduksjon med ku kan det løyvast inntil 30 % støtte. Dette skal hjelpe fram moderne lausdriftsfjøs med mjølkerobot, nye sauefjøs, fjøs til ammeku og ei vidare satsing på frukt og bær.
Midlane skal medverke til auka produktivitet og lønnsemd i tradisjonelle landbruksbedrifter. I tillegg er fleire gode gründerar t.d. innan lokalt mat og «Inn på tunet» prioriterte satsområde knytt til landbruksbasert næringsutvikling.
Søknader skal sendast til kommunen. Det er Innovasjon Norge som handsamar og avgjer søknadene. Støtteordningane for Sogn og Fjordane er fastsett gjennom Handlingsplan 2017.
Dette skriv Fylkesmannen på sine nettsider .