Dette er ei sak vi har jobba med ei tid.  - Det er ofte slik at når vi skal endre lagsstruktur så kan det vere godt å tenke seg om og la saka modne ei stund, seier Nesse.  

Den første leiaren i Gulen og Masfjorden Bondelag; Erling Nesse

No vert det opp til oss som er tillitsvalde i det nye styret å klare å planlegge og gjennomføre aktivitetar som medlemene kan tykkje er nyttige.  I fusjonsmøtet vart nemnd faglege  kurs av ulikt slag og tilskipingar der det sosiale er det viktigaste. Å skipe til sommarfest eller slåttegraut vart nemnd som døme på aktivitetar.  Tal bønder minkar så det er kjekt å kunne klare å lage nokon arenaer der vi kan møtast lokalt i kommunen.

Gulen og Masfjorden Bondelag har 87 medlemer og følgjande personar er valde til å sitje i det første styret:

  • Leiar: Erling Nesse
  • Styremedlemer: Knut Audun Areklett, Arve Wergeland, Jan Ivar Kjelby og Jon Ove Ness
  • 1. vara: Bjarte Nordanger medan Sjur Haugland er 2. vara