Sist veke var fylkesleiaren på rundtur i fylket for å høyrer erfaringane frå handteringa av skadesituasjonen i Luster hausten 2018 og sommaren sine skader i Førde, Jølster og Gloppen.  - Utgangspunktet for rundturen som vi hadde sist veke saman med genralsekretæren i Norges Bondelag Sigrid Hjørnegård, jurist Aina Bratlie og representantar for lokallag, NVE og kommunane var å danne oss eit bilete av korleis erstatningsordninga fungerer, seier Felde. 

Dagen tok til med ei orientering frå NVE om skadene som har oppstått i Luster.  NVE gjorde også greie for dei utfordringane dei står overfor når det gjeld prioriteringar.  Ressursane til NVE i form av personell og kroner er for små til å kunne gjennomføre heilt naudsynte tiltak.  Det vart frå NVE sin representant Svein Arne Vågane mellom anna peika på kor viktig anleggsavdelinga deira er når det oppstår akutte naturskader. 

Svein Arne Vågane  frå NVE orienterer om hendingane i Luster hausten 2018

- Dette med ressurstilgangen til NVE har vi peka på ved fleire høve seier fylkesleiar i Bondelaget Anders Felde.  Med meir ekstremver må dei som skal handtere dei akutte situasjonane ha både personell med kompetanse og ressursar.  Vi hadde sjølvsagt håpa på at førebygging skulle vere mantra, men slik det er no er det kun midlar til å drive skadeavgrensing.  Da er ikkje haldbart i ei tid der det vert meldt om meir naturskader.  Da er også uhaldbart at ein ved oppretting av skade ikkje kan lage noko som kan fungere betre enn det som var, og som ved skaden synte seg å ikkje fungere, seier Felde.  Han siktar då til prinsippet om at oppretting av skade skal skje til den standard som var då skaden oppstod.

Åleinegang eller samhandling

Frå Oddbjørn Sellevold i Førde kommune og Joar Helgheim i Jølster  vart det mellom anna peika på at midt opp i skremande hendingar,  som for mange er ei stor psykisk belastning skal ein søkje om erstatning for noko som kan verke uløyseleg. Det har i etterkant av hendinga i Jølster vore etterlyst samordning både i høve takstpersonar og i høve oppretting av infrastruktur.  Slik det er no har ingen noko overordna ansvar for å skjere gjennom og fordele kostnader til dømes.  I Luster vart det frå kommunen sin representant Magnus Snøtun peika på at kommunane ikkje har noko samla oversikt over til dømes utbetalte erstatningar.  All dialog går mellom grunneigar og Landbruksdirektoratet sine sakshandsamarar.  - På det viset kan ikkje vi i kommunane ta på oss noko samordnande rolle, sjølv om vi registrerer at mange grunneigarar ynskjer det, sa Snøtun. 

I nokon tilfelle kan det verke som om dei som har mindre skader får utbetalt erstatning etter regelverket medan store skader vert avkorta med grunngjeving i bruksverdiprinsippet., sa leiar i Luster Bondelag Andreas Wollnick Wiese.  I mange høve kjenner nok grunneigaren seg litt åleine.  I Luster er det også mange grunneigarar som ikkje bur i bygda.  Dette er ei utfordring når det er grunneigaren sjølv som må dokumentere skade og sende inn søknad for skade på sin eigedom, sa Wiese  - Da vert heilt feil at den som verkeleg har skade får lågare kompensasjon enn den som har små skader, supplerte ein tydeleg Felde.

Frå venstre Joar Helgheim, Jølster kommune, Oddbjørn Sellevold Førde kommune og lokallagsleiar i Luster Bondelag Andreas Wollnick. Wiese

- Det var ei svært nyttig runde vi fekk gjennomført. Vi har ei god naturskadeordning, men denne runden har  avdekka svakheiter ved gjeldande regelverk . - Vi må ha nokon runder no for å sjå kva del av regelverket som kan justerast med sikte på å få ei betre ordning enn den vi har i dag.  Mellom anna må vi sjå på prinsippet om at skade berre skal reparerast opp til den tilstand objektet hadde før skade, avsluttar Felde.  Vi må også sjå på om det kan gjerast noko for å etre samordning lokalt ved skade.