Karsten Sunde, Harald Vallestad og Oddvar Karlsen studerer ein binge med sjeviot. -Eg vert stolt når eg ser slike dyr, seier tidlegare sauebonde Vallestad. 

 

Vêrane var fordelte på heile ni  rasar, noko dommar Ove Sørestrand trekkjer fram som positivt.

-Det er kjekt å sjå mangfaldet og at det er miljø også for dei mindre vanlege sauerasane, meiner Sørestrand.

Saman med dommar Gunnar Osland vurderte dei kvar og ein av dei 44 vêrane, med det målet for auget å finne ut om kandidatane scorar godt nok til å bli sette inn i avlen.

 

Spennande

Maya ventar i spenning på om vêren Gunnar når opp i kåringa.

 

Maya frå Askrova står ved sidan av den eine bingen, og ventar på dommen for sjeviot-vêren hennar «Gunnar». Når det endeleg vart hans tur, kan vi høyre dommarane kommenterer at han har eit fint kryss og godt rasepreg. Ulla derimot, er det kanskje litt for lite spenst i.

Men i det dommar og namnebror Gunnar Osland tek fram tanga og klipsar eit lilla øyremerke i vêren sitt øyre, veit alle at vi har med å gjere ein sjeviot som kan setjast inn i avlen. Gjennom kåringa finn ein dei beste av dei beste, og målretta avlsarbeid gjev dyr med dei eigenskapane ein ønskjer seg.

 

Som ein liten 17.mai

Kåringssjået er ein liten 17. mai her i Høydalen, og difor flaggar vi, seier Oddvar Karlsen.
 

Oddvar Karlsen har vore med på kåringane i Høydalen sidan oppstarten i 1988.

-Dette er ein liten 17. mai i bygda og i husdyrmiljøet, seier han.

Det gler han stort å sjå at det er mange barn som besøker kåringa.

-Sjå på ungane, dei spring oppi skråningane her og plukkar med seg lauv og matar dyra. Dei viser omsorg og interesse for dyra, det er så flott å sjå, avsluttar han.

 

Me takkar Anita Sæther for både tekst og bilete.