Åm Sognnes sin frustrasjon over ei randsoneforvaltning, der Statens Naturoppsyn (SNO) kvar einaste vår må skyte mange jerv i region 1 for å kunne gje håp om gode beitesomrar.   - Det må kome ei buffersone mellom beiteprioriterte og rovviltprioriterte soner, held Sognnes fram.   Til dømes har vi no ein situasjon der truleg 3 ynglingar i Oppland ligg like ved fylkesgrensa til Sogn og Fjordane.  Dette skjer samstundes som det ikkje er dokumenterte ynglingar andre stader i Oppland.  Politikken seier at det skal vere 4 ynglingar i Oppland.  Det betyr at det truleg vert uråd å få gjennomført hiuttak i grenseområda.  Resultatet kjenner vi.   Det betyr 4-6 nye jerv inn i Sogn og Fjordane i 2019 med påfølgande krav om ekstrauttak for å kunne sikre Region 1 sin beiteprioritet.  Samstundes veit vi også at tispene i desse yngleområda, og dei hannane dei trekkjer til seg,  vandrar inn og ut av Sogn og Fjordane og kan utgjere eit potensiale for store tap av beitedyr til sommaren.  SNO gjer ein god jobb, når dei får oppdraga sine.  Det er likevel slitande å måtte jobbe hardt kvar einaste vår, for at styresmaktene skal gje SNO dei naudsynte oppdraga.  

Forvaltningsplanen for rovvilt i region 1 skal opp til revisjon i år og fylkesbondelaga i Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane har sendt eitt felles innspel til Fylkesmannen der mellom anna grenseproblematikken vert teken opp.

Rovviltnemnda i region 1 sine sider finn du meir informasjon om dagens forvaltningsplan