Kommunestyre- og fylkestingvalet 2015 er over, og Sogn og Fjordane Bondelag vil gjerne gratulere dei nyvalde. 

-  Fyrst og fremst vil me gratulera alle dei valde. Når det er sagt, håpar eg dei vil syne omsyn til matjord og næringsliv i eigen kommune. 

Det seier Anders Felde, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag. 

 

Valresultatet og norsk matproduksjon

Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Miljøpartiet De Grønne står fram som vinnarar etter valet. Felde meiner valresultatet er ein klar beskjed den til sitjande regjeringa. 

- Valresultatet syner at sentraliseringsprosessen til den sitjande regjeringa, er i utakt med folket. 

Det meiner Felde er noko dei borgarlege partia kan tenkje på.  

 

Håpar på bra samarbeid

- Eg håpar Sogn og Fjordane Bondelag får eit godt samarbeid med dei nyvalde framover. Det er i alle fall vårt ynskje, avsluttar Felde.