Gratulerer til ferske lokallagsleiarar
- Årsmøterunden nærmar seg slutten og fleire lag har fått nye leiarar, mellom anna Davik og Ålfoten Bondelag der Stein Kåre Karstensen tek over leiarvervet etter Rune Indrehus.
- Det er flott at nye personar tek på seg leiarvervet i lokallaga våre, seier fylkesleiar Per Hilleren. Det er ein dugnadsjobb å vere leiar i eit lokalt bondelag, og det er flott om fleire kan ta på seg oppgåva å vere leiar. Så langt har følgjande lokallag fått ny leiar i år:
Brekke Bondelag: Sjur Haugland
Davik og Ålfoten Bondelag: Stein Kåre Karstensen
Jølster Bondelag: Geir Ståle Støfring
Lærdal Bondelag: Steinar Starheimsæter
Eg vil ynskje dei nye leiarane lukke til med oppgåvene og ser fram til eit tett samarbeid med dei i arbeidet for å betre rammevilkåra for landbruket og bygdene våre, avsluttar Hilleren.