- Det hender ein høyrer at likestillinga er kome langt nok, og at det ikkje kan vere behov for ein dag som kvinnedagen meir. MeeToo kampanjen har synt at vi har ein lang veg å gå, også i Norge.

Då fylkesleiar Anders Felde tala til årsmøtet prata han om kvinner som har opplevd ting, men ikkje blitt høyrt. 

- Eit slikt samfunn skal vi ikkje ha. Eg håpar vi som er her, kan bidra til at det vert tryggare å vere kvinne i samfunnet vårt. 

 

Om kvinnene i landbruket

- Kvinnene i landbruket har ikkje alltid vore likestilt med oss menn. Odelslova har vore endra fleire gonger mellom anna i 1974.

Endringa førte til at det eldste bornet fekk odelsretten utan omsyn til om dette var gut eller jente. Ei avgjerande endring for likestillinga i landbruket fortel Felde. 

- Det hjalp, men framleis har vi ein lang veg å gå før det er nok kvinner i landbruket. Framleis må vi heie fram kvinnene slik at dei vel å bli bønder.

 

Ynskjer å snakke opp odelslova

- Odelslova i heilskap har vore avgjerande for det landbruket vi har i landet, med mange og relativt små gardar. Odelslova har gitt ein motivasjon til å overlevere garden i betre stand til neste generasjon. Odelslova har i stor grad ført til at generasjonsskifta har blitt rimelegare, enn det ein kunne forvente gjennom reine kjøp og sal. Den har ført til at ein ikkje tappar gardane for kapital.  

Vidare sa Felde at lova gjev ei forutsigbarheit for borna, dersom dei ynskjer å overta garden. Odelslova er gamal, men ho gjer framleis jobben for norsk landbruk.

- Regjeringa vil utrede konsekvensane av å avvikle Odelslova i komande Stortingsperiode. Dette er ikkje godt nytt for norsk landbruk. Lat oss snakke opp Odelslova som verkemiddel for å behalde eit familielandbruk og ikkje eit AS landbruk. Landbruk er næring, men landbruk er IKKJE som andre næringar, sa Felde frå talarstolen.

 

Les heile talen til Anders Felde her.