Det var ikkje berre hjorten som vart presentert som ein trugsel mot plantefelt på fagdag om hjort, skog og gras i Ålfoten. Gransnutebilla fins i gran- og furuskog over heile Noreg og gjer årleg store skadar på skogane. Dei snusar seg fram til ferske hogstflater og legg egg på røtene til stubbane som står igjen etter felling av tre. Frå egg til larve til vaksen går det 1-3 år, avhengig av temperatur.

Skaden kjem frå dei vaksne billene som gneg i barken på bartrea. Dei føretrekk furu men kan òg gå etter lauvtre. På eldre tre er det i hovudsak tynnbarka parti (greiner) som blir angripe av billene, og dette gir lite skade. Den største utfordringa er når dei angrip småplanter. Her kan dei gnage av all barken over bakken, noko som i verste fall fører til at planta døyr.

Tradisjonelt sett har ein brukt kjemikalie for å unngå skade frå gransnutebilla. Plantane har blitt behandla med kjemiske midlar før dei har blitt planta ut, men mange av midlane som har vore brukt tidlegare er ikkje lenger tilgjengelege, og ein ynskjer å begrense bruken av kjemikalie for å auke biodiversiteten i skogen. I tillegg har ein forsøkt seg fram med å ha mindre mengder kjemikalie på plantene framfor å dekke heile plantene.

Planta ut i i april, heilt nederst på planta ser ein den kvite voksa delen.

Dei seinare åra har ein prøvd seg fram med voksing. Planta blir påført eit lag med voks som dekkar nederste halvdel av planta. Gransnutebilla klarar ikkje å gnage seg gjennom dette og planta får stå i fred. Dette er eit relativt nytt tiltak, og ein er framleis litt på forsøksstadiet med å finne fram til rette måten å gjere det på. Det blir spennande å fylgje utviklinga vidare i tida framover.

Merete Larsmoen frå Fylkesmannen i Vestland med død plante, her ser ein at halve planta er  kvit av voksen.