Myrmel Øren tek over leiarvervet etter Jarle Lundekvam.   Det var 25 frammøtte, derav 8 kvinner.            - Gledeleg å sjå at også yngre kvinner deltek på årsmøta, seier nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Ole-Ivar Åm Sognnes som representerte fylkeslaget i møtet.

Årsmeldinga viser eit aktivt lag som har hatt ulike aktivitetar gjennom året.  Til dømes kan det nemnast "språkkafe" for invandrar.   I praksis gjennomført som gardsbesøk med mat og drøs.  Gardsbesøk for 8 klasse og bondekafe.

Godt oppmøte på Tønna i Bygstad

Åm Sognnes orienterte, og etter ynskje frå lokallagsleiar vart temaet dyrevelferd løfta fram.  Undervegs var deltakarane også innom tema som engasjerte forsamlinga, herunder rovviltforvaltning og skadefelling av ulv, nye Vestland Bondelag, termografering og Find My e-bjeller.

 

Leiar Jarle Lundekvam vart takka av etter mange års fartstid med ulike verv i Byggstad Bondelag og no Gaular Bondelag. Nils arve Styve held blomane medan Margun Myrmel Øren leitar opp takketala og Lundekvam (t.v.) undrast på kva som skal verte sagt.

 Styret i Gaular Bondelag ser slik ut etter årsmøtet

  • Leiar: Margun Myrmel Øren - ny
  • styremedlem Britt Siri L Hauken - attval 
  • Styremedlem Olav Furnes - Ny
  • Styremedlem Leif Jarle Bjørvik - attval
  • Styremedlem Kjell Fauske - ikkje på val
  • styremedlem Nils Arve Styve - ikkje på val
  • 1 vara Olav Holsen
  • 2 vara  Audun Bringeland