16 medlemmer i Davik/Ålfoten Bondelag sessa seg i Davik Ungdomshus 16. november kl. 20.00 til årsmøte, der styreleiar Rune Indrehus ønskte vel møtt, fekk godkjenning av innkaling og årsmøtesakene og viste til følgjande frå årsmeldinga:

- Det vart halde tre styremøte, der handsaming og tilråding av jordbruksavtalen og arbeidet med innspel på regelverket for kommunale SMIL midlar var sentrale saker. Når det galdt jordbruksavtalen fremja laget følgjande hovudpunkt: Ein treng gode rammevilkår, meir direkte økonomisk tilskot, gode velferdsordningar og for mjølkeproduksjonen må ein styrkje distriktsprofilen for å unngå at små bruk vert lagt ned. Når det galdt SMIL- midlane vart det vist til at det fremja synspunkt på saka frå lokallaget seinare vart tilrådd i kommunen. Lokallaget kunne elles vise til gjennomført HMS kurs og dei støtta 4H sin fylkesleir for 2012.

Etter gjennomgang av årsmeldinga var det informasjon frå fylkslaget om aktuelle saker i tida: prosentoll, medlemsverving, kvifor produsere mat i Noreg og vurderingar kring brotet i jordbruksforhandlingane 2012. Dette gav så saman med den framlagde årsmeldinga grunnlag for debatt i årsmøtet. Det vart servert smørbrød og kaffi som gav ei fin sosial ramme rundt møtet.

Det vart attval på dei som var på val i styret, der leiar i valnemnda hadde ein grundig gjennomgang av arbeidet til valnemnda. Han oppfordra neste års valnemnd til å finne nye styrekandidatar mellom dei aktive 40 åringane lokallaget. Han meinte dette var ein føresetnad for å kunne få til ein ekstra giv i lagsarbeidet, noko som andre lokallag har hatt positive erfaring med.      

Styret i Davik/Ålfoten Bondelag 2012-13