- Digitale møte er ei god løysing som vi nok kjem til å bruke mykje av framover også, men det var no kjekt å sjå att styremedlemene og få levande diskusjonar i same rommet, held Hovland fram.  - Engasjementet hadde ikkje vorte dårlegare sidan fylkesårsmøtet i mars kunne ein letta nestleiar konstatere.  Tvert imot det var på topp.

Styret drøfta mellom anna følgjande saker i styremøtet i går:

  • Evaluering av dei forenkla jordbruksforhandlingane
  • Konsekvensar av koronatiltaka for landbruket
  • Planlegging av aktivitetar og beredskap for sommaren og tidleg haust
  • Framdrift i arbeidet med skiping av Vestland Bondelag
  • Verveplan for fylkeslaget
  • Arbeidsdelinga og arbeidsmåtane i fylkesstyret
  • Gjennomgang av arbeidsplan vedteken i fylkesårsmøtet med prioriterte saker

Norges Bondelag sentralt har invitert fylkeslaga til ei evaluering av kommunikasjonen kring årets forenkla jordbruksforhandlingar.  Styret var i denne evalueringa tydeleg på at den økonomiske utviklinga i landbruket ikkje er god nok og at det må gjerast grep som kan sikre ei positiv inntekstutvikling framover.   - Vi må ta inn over oss at det er skuffelse hos medlemene over ei negativ inntekstutvikling, held Hovland fram.  

Fylkesstyret i Sogn og Fjordane Bondelag.  Det har falle mykje snø og vore stort fokus på koronatiltak og digitale møte sidan dette biletet vart teke den 6. mars 2020 på fylkesårsmøtet sin siste dag. F.v. Nils Magne Gjengedal, Elles Kristin Eiken, Anders Felde, Kari Sigrun Lysne, Ole Bjarne Hovland, Gry Ingvild Agjeld, Mathilde Dolen Nesje.

Styret har mange saker å ta tak i også denne sommaren, og vil opprette ein vaktplan, slik at det alltid vil vere tillitsvalde som kan ta tak i saker som måtte oppstå i sommarhalvåret.  Det kan vere knytt til både koronautfordringar og naturhendingar.  Vaktplanen vert gjort kjend for lokallaga og vert lagt ut på nett når den er klar.