Godt å kjenne samhaldet i næringa
- Det er godt å kjenne på det samhaldet i næringa som vi opplevde i vår, sa årsmøteutsending Margunn Bjørkelo på årsmøtet i Norges Bondelag. Det trengde vi, men alvoret som ligg bak er svært urovekkande, held ho fram
Margunn etterlyste ein sterkare vilje til å satse på den aktive bonden som produserer maten. - I dag stimulerer vi i for stor grad dei som går ut av næringa gjennom arealtilskot og betaling for mjølkekvotar, noko som er kostnadsdrivande for oss som skal halde fram i næringa, sa Bjørkelo
Ho kom vidare inn på trongen for å kunne auke løyvingane i regionalt miljøprogram, slik at alt bratt areal kan verte tilgodesett med tilskot, som ein kompensasjon for dei driftsulemper som føl dette arealet. Med dagens ordning får du ikkje kompensert det bratte arealet, når du samstundes driv eit areal som er flatt.
Ho la også vekt på at det må løne seg å investere. I dag er det i stor grad dei som sit på nedbetalte bygningar og maskiner som tener pengar, medan dei som investerer for å halde fram som bønder slit med dårlegare lønsemd. Skal vi få til ei naudsynt fornying av driftsapparatet trengst det gode vilkår for nye investeringar, aller helst gjennom ein betre driftsøkonomi i næringa.