Gjengedal har besøk kring 12 av lokallaga i haust, og ikkje eit årsmøte er likt.  - Nokon har sterkare tradisjonar enn andre.  Loen Bondelag er eitt av desse.  Der vanka det skikkeleg julemat og godt oppmøte på Loenvatn Camping.  - Det er ikkje alltid like lett å setje seg i bilen og reise heimover etter slik ein god servering, så HMS-en må ligge langt framme i pannebrasken, seier Gjengedal.  Kjenner eg at eg vert trøytt så er det berre ein ting å gjere - køyre ut til sides og ta seg ein blund.  

Da har vorte kring tre tusen km i bil i haust, berre for å besøke årsmøta i lokallaga men da er verdt det.  -  Eg har møtt mange kjekke folk, fått eit utal av vanskelege og nokon enkle spørsmål og opplevd eit ekte engasjement for landbruket og bygdene våre.  Da er gjevande seier ein nøgd Gjengedal som verkeleg set pris på kvardagsbondelaget og kvardagsmedlemen!   Utan det lokale engasjementet vert Norges Bondelag fattig.  - Da må ikkje toppane gløyme i drøftingane kring nye regionar.  Da er i møte med medlemene vi får kjenne landbruket sine utfordringar på kroppen.  - Da er svært nyttig for oss som er styremedlemer å kunne prioritere ressursane slik at vi kjem oss ut på besøk til grasrota.  Denne hausten har styremedlemene i Sogn og Fjordane Bondelag og kontoret besøkt 43 av 46 lokallag og Nils Magne Gjengedal er den som har besøkt flest.  Alltid godt budd med humør, kunnskap og med meiningars mot har Gjengedal gjort ein stor innsats i haust.  Gjennom informasjon på e-post får heile styret innblikk i kva som opptek medlemene i dei ulike lokallaga, og ved hjelp av bilete og korte artiklar på nett kan alle få eit lite innblikk i kva som rører seg i lokallaga. 

Laurdagskveld og julemiddag på årsmøte i Loen Bondelag - triveleg møte og dårleg fotolys for fylkeslaget sin representant Nils Magne Gjengedal  :)

Styret i Loen Bondelag f.v. Ola Rake, Jarle Sæten, Oddvin Auflem, Erik Bødal (Gjekk ut av styret), Karl Ove Loen og leiar Ingvill Tronrud.