Totalt hadde 24 søkjarar sett opp det nye fagskulestudiet på lista si, 17 hadde den som første val og alle fekk tilbod om studieplass. - 14 av søkjarane har takka ja til studieplass. Vi er godt nøgde med søkjartala, seier rektor ved Fagskulen i Førde, Reidar Grønli. Det var planlagt å ha 15 studieplassar på linja så dette må absolutt kallast ein suksess.

Grønli og lærarane held i desse dagar på med å setje saman kabalen over lærarar og innleigde personar som stiller med spisskompetanse på ulike område. Oppstart blir i august, med den første av sju 3-dagars samlingar på Mo. Dei legg òg plan for alternativ dersom situasjonen med covid-19 skulle føre til at samlingar ikkje lenger er mogleg.

- Vi veit at det er mange sterke søkjarar her med god kompetanse frå landbruk og bondeyrket, og vi ser fram til å starte studiet og bli kjende med dei, seier Grønli. Han er òg spent på å sjå kor søkjarane kjem frå, ettersom dette er einaste linja av sitt slag i landet. - Det fins ei linje i Trondheim som er liknande, men ikkje heilt lik.

Grønli er òg spent på framtida, då det er stor interesse for å bygge vidare på studiet. - Vi ser at det er ein ynskje om eit bransjeprogram innanfor landbruk, og håpar at vi etterkvart kan tilby fleire fagskulestilbod og fag/modular innanfor landbruk.

 

For seint å søke?

Det er framleis ikkje for seint for deg som angrar på at du ikkje heiv deg rundt og søkte. - Vi har fortsatt moglegheit til å ta inn 1-2 fleire kandidatar så her er det berre å sende inn søknad, seier Grønli. For meir informasjon om korleis søke, sjå HER.