Våren 2020 vart ikkje ein vanleg vår det heller.  - Det er faktisk tider at eg godt kunne tenkt meg eit heilt vanleg kjedeleg normalår der verda tuslar og går i vant gjenge med nok vatn, nok sol og gjennomsnittsavlingar, seier fylkesleiar Anders Felde

Koronasituasjonen har gjeve utfordringar i kvardagen, men det har også fått opp auga for kor viktig det er med ein eigen norsk matproduksjon.   Ei stengd grense til Sverige og eit liv meir i heimen, har gjort at norsk landbruk har måtta snu seg rundt og levere andre produkt i større mengde enn vanleg. - Når folk et frukost og lunsj heime går det meir pålegg, og jammen drikk ikkje nordmenn meir mjølk også.  Som bønder er vi vande til å snu oss rundt og jobbe mykje, og vi skal også gjere så godt vi kan for å levere det marknaden etterspør. Det er vår plikt og vår glede å kunne produsere meir etter fleire år med fokus på redusert produksjon og ein marknad i overbalanse, held Felde fram.

- Eg er veldig spent på korleis frukt- og bærsesongen i fylket går i år.  Kulden i mai har dessverre redusert avlingane og koronasituasjonen gjer at utfordringane og kostnadene ved plukking av bær er større enn normalt.  Sjølv tenkjer eg å gjere mitt bidrag gjennom å kjøpe og ete mykje bær og sidan frukt, smiler Felde.  Lokale bær med fløyte og vaniljesaus, da er rett og slett himmelsk godt :)

Beredskap på viktige tema i sommar

Dei aller fleste har fått slåtten i hus under gode driftstilhøve og no er det også kome regn som kan sikre vekst i graset att etter ein svært lang tørkeperiode.  Får berre håpe at regnet har vet til å halde opp også!  Fleire plassar i fylket har vi nok ein gong hatt flaumutfordringar, sjølv om vi håpar vi er ferdig med det verste.  Rovdyrsituasjonen med ulv i Ytre Sogn og jerv, spesielt i Indre Sogn,  gjer at vi bør halde tett kontakt med bønder som er råka.  Lokallaga har eit ansvar både for å halde kontakt med bønder og  kontakte fylkeslaget dersom det er noko vi kan bidra med.  Det er viktig at bonden føler at ein ikkje “står aleine” med utfordringane. - Vi i Bondelaget skal vere der når bonden opplever utfordringar.  Det skjer alltid noko uføresett som ein aldri kan bu seg på, seier Felde.

Det blir truleg mykje ferierande nordmenn i fylket i sommar, med auka trafikk i desse fantastiske fjella våre. Eg håpar vi kan bidra til skilting i forhold til bandtvang og beitanede dyr slik at vi reduserer konfliktpotensialet.

I 2021 er det Stortingsval, samtidig opplever næringa svak økonomisk utvikling. Det komande året blir difor svært viktig i forhold til at vi greier å betre situasjonen for matproduksjonen.  Eit godt jordbruksoppgjer i 2021 vil vere avgjerande for at vi skal halde oppe matproduksjonen i våre områder.  Vi må difor bruke meir tid på å invitere politikarar på alle nivå heim på gardane våre eller arrangere møte slik at vi får politikarane enno meir med på laget. Etter kvart som nominasjonsprosessane kjem i gong i forhold til Stortingsvalet, er det viktig at vi prioritera dei øvste kandidatane i alle politiske parti slik at vi står godt rusta uansett korleis valet går.

Flott om mange bidreg med beitane dyr i sosiale media gjennom sommaren, og elles synleggjer arbeidet på gardane på ein god måte.

- De som produserer mat og tilbyr reiselivsopplevingar på gardane dykkar har så uendeleg mykje å syne fram.  Ver stolt av det som dykk gjer.  De gjer ein kjempejobb og de har nøkkelposisjonar i høve beredskapen i di grend.   Som fylkesleiar håpar eg de alle får tid til litt ferie i løpet av sommaren, der de kan senke skuldrane og kjenne på den kjensla det er å gjere lite eller ingenting.  Ja, det er vanskeleg for ein bonde, men viktig å ta seg den pausen i ei travel tid for deg som skapar verdiar gjennom verda sin vakraste matproduksjon, avsluttar fylkesleiar Anders Felde..  GOD SOMMAR frå fylkesleiaren, fylkesstyret og tilsette i Sogn og Fjordane Bondelag.

Ferievakt i sommar

Send helst sms eller send e-post, så ringer vi opp att.  Dette fordi det er i ferieperioden, og det kan vere vanskeleg å nå fram på telefon.  

Hanne Libeth Nybø: 6. juli til 17.juli, 90644395, hanne.lisbeth.nybo@bondelaget.no

Merete Støfring, 17. juli -10. august, 95947437, merete.stofring@bondelaget.no

Birgitte Sunde Bjaanes, 10. august - 17. august, 41565758 birgitte.bjaanes@bondelaget.no

Tilsette tek dialogen med dei tillitsvalde ut frå kva problemstillingar som dukkar opp.  Fylkesleiar Anders Felde har ferie frå 20. juli til 3. august.