Klassikaren er å ønskje seg "snille barn" til jul... Sogn og Fjordane Bondelag ønskjer seg fleire medlemar. -Vi har mål om å passere 3800 medlemar innan året er omme. Vi manglar vel 30 på å nå dette målet, seier Anita Sæther ved kontoret til Sogn og Fjordane Bondelag. Ho oppmodar difor dei som allereie er medlemar med å hjelpe oss med å skaffe fleire. -Når året går mot slutten ser ein attende på det som har vore, men i næringane vi jobbar for er det og stor spenning knytt til kva vi har i vente, seier Sæther. Vi meiner Bondelaget spelar ei viktig rolle i arbeidet for matprodusentane, og for bygdene sine økonomiske, kulturelle og sosiale interesser, held ho fram.

Om høvet byr seg for å verve nye medlemar, kan du gjere følgjande:

Send BONDE <namn> <tlf.nr> til 2030.

Om du ønskjer å verte registrert som vervar føyer du til vervar <ditt namn> i slutten av meldinga.

Hugs at du kan få eit gåvekort på kr. 400 på FK-butikken, samt vår populære BONDE T-skjorte, for kvart medlem du vervar. For å få dette må det nye medlemet betale kontingenten sin, og du må "bestille" gåvekortet og T-skjorta via kontaktskjemaet på Bondelaget sine nettsider.

God vervejul!