God julehøgtid til alleÅret 2012 er i sin siste månad  og me er snart på veg over eit nytt år med nye mogelegheiter . Året som me er i ferde med å leggja attom oss har vore eit år med stor aktivitet i Bondelaget både sentralt og på fylkesnivå. Eg er stolt over å få vera leiar for ei næring i Sogn og Fjordane som gjer eit så viktig arbeid for samfunnet kvar dag med å produsera mat.  I året som me er i ferd å gå ut av har arbeide i Bondelaget vore prega av stort og inntenst arbeid, eit arbeid som har kravd stor innsats på alle nivå i organisasjonen.

Brotet i forhandlingane i vår var eit resultat av at tilbodet som staten la fram på ingen måte ville bidra til ein auke i matproduksjonen, eg er overbevist om at  politikkara på alle nivå og folk flest i Norge fekk med seg og såg at me braut forhandlingane.   Å  vera fylkesleiar å ha ansvaret for dei aksjonane som me hadde i Sogn og Fjordane var spennande og utfordrande.  Takk til alle som på ulikt vis var delaktige rundt om i lokallaga .

Eit årskifte er og tid for å sjå framover og året som me går inn i vert eit svært spennande og viktig år for landbruket i Sogn og .  I den politiske debatten ser me tydleg kva krefter som ynskjer å utfordra  viktige element for landbruket, det er viktig, ja nødvendig at me engasjerar oss og tek debatten med dei som ynskjer å svekka /avvikla markedsordningane som me har i dag.  Norges Bondelaget er ein politisk uavhengig organisasjon men me har sterke meiningar om norsk landbrukspolitikk og her skal Bondelaget vera tydlege.  Me skal utfordra, setja dagsorden, og frå samfunnet vil me ha respekt og bevistgjering av betydningen av matvareproduksjon som skapar store verdiar i fylket og landet.I jordbruksoppgjeret i 2013 går Bondelaget  til forhandling med mål om avtale med Staten. I desse forhandlingane må den raudgrøne regjeringa vise vilje og evne til å følgje opp matmeldinga og samtidig visa kva som er skilnaden på den raudgrøne og høgresida sin landbrukspolitikk .

Det nermar seg Julehøgtida, den største høgtida i året , dette er ei høgtid som det er knytta mange sterke tradisjonar til i gjennom generasjonar.  I julehøgtida skulle det beste på bordet, og det vart styra og stelt i vekesvis for at alt skulle vera klart både innomhus og elles på garden og ikkje minst skulle dyra få sitt på julekvelden.

Eg håpar at me alle kan få ei god og trivelig julehøgtid der me kan ta tid til kvarandre og roe ned frå ein travel og uroleg kvardag.  For meg er det ein god og fast tradisjon å vere til Kyrkje og Gudstjeneste på fyrste juledag og der få høyre jula sin bodskap gjennom musikk og tekst lesing.

Frå eg var ein liten gut hugsar eg spesielt juleselskapa som var rundt i grenda som ein god og rik tradisjon, spesielt hugsar eg sledeturane til desse selskapa der far hadde sela på ”Raui” og Dombjøllene var på plass og var med på skape den høgtidsame stemmninga i den mørke og kalde romjulskvelden, der me ungane sat godt inntulla i mange lag med klede og pledd for at me ikkje skulle frysa.  Om eg ikkje har hest og Dombjøllene har stillna, så eg ynskjer og halde oppe og vidareføra.desse samlingane som er verdifulle av mange grunnar og som er med på å vidareføre dei gode tradisjonane.

Med denne Det lyser i Stille Grender  songe av sambygdingen Olav Stedje vil eg ynskje alle medlemer og kjenningar ei riktig god og høgtidsam jul.

Helsing Per Hilleren