Blide EikefjordingarPolitisk arbeid og medlemsverving har hatt hovudfokus frå fylkeslaget på samlingane, og der har vore sett av tid til at lokallaga kan kome med innspel på saker som dei er opptekne av.  Med det som utgangspunkt har det vore ulike tema som har vore drøfta.  Nokon lag drøfta saker som vedkom tettare samarbeid mellom lokallaga i eit geografisk område.  Andre var opptekne av korleis tilhøvet til kommunen fungerer.  Kva tenester og framferd kan vi forvente at kommunen sine tilsette? var spørsmålet som kom opp.  Atter andre var mest opptekne av politikkutforming og rammevilkår.

- Det er interessant å møte dei tillitsvalde i lokallaga i slike mindre forum der vi kan drøfte ulike utfordringar, seier Flatjord.  Eg reknar med at lokallaga tek tak i utfordringane vi gav dei og planlegg aktivitetar i sine lokallag knytt til kunnskapsbyggjing om landbruket sin betydning lokalt, nasjonalt og for ei samla verd, avsluttar Flatjord.