God deltakelse i Familiefarmen
15 familiar har sendt inn sin første film i konkurransen Familiefarmen. Vi må vente i spenning til hausten for å få vete korleis det har gått med kvar enkelt familie.
30. juni var siste frist for å sende inn første video av totalt 2 i konkurransen Familiefarmen. Det er totalt 15 familiar som skal vere med å kjempe om hovudpremien på 10 000 kr, sponsa av Sogn og Fjordane Energi.
Simen Aabrekk, Hedda Hugvik og Kristina Håvik som står bak Familiefarmen, er godt nøgde. Dei hadde eit mål om å få 10 deltakarar før konkurransen starta. Alle tre gledar seg til hausten, då skal familiane sende inn video nr. 2 og fortelje om korleis det har gått med prosjektet.
Det er med familiar frå Førde, Mysen, Sandefjord, Sveindal, Gloppen og Stranda i konkurransen.
Vil du sjekke ut bidrage som har kome inn, og kanskje bli inspirert til å neste års prosjekt, kan du gå til side: https://www.facebook.com/pg/familiefarm1/videos/?ref=page_internal
Følg gjerne Familiefarmen på Facebook eller Instagram. Dei vil i løpet av sommaren køyre små kokurransar som ein kan delta på. Vi i Sogn og Fjordane Bondelag tykkjer det er kjekt og inspirerande at ungdommen har fokus på norsk matpruduksjon og sjølvberging og heiar veldig på prosjektet.