Bonde-TV er innhald filma eller bilde tatt av bøndene sjølv. Det gjev eit ærleg og usminka innblikk i gardsdrifta. Denne gongen ynskja vi å rette fokus mot stølsdrift. Det er framleis mange som ikkje har kome seg på plass på støylen endå, medan andre er godt i gang med stølslivet. 
Tidlegare har vi retta fokuset mot fjørfe, svin, storfe og småfe gjennom Bonde-TV.  For så sjå bidrag frå heile landet kan du søke #BondeTV. Nedanfor har vi laga ei oversikt over bidraga som kom inn til oss i går.

Torunn Ommedal Aandstad delte eit nydeleg kveldsbilde frå Ommedalsstølen i Nordfjord.

Silje Knutssøn har delt bilder og video frå stølsdrift ved Ortnevik.

 

 

Nina Selseng sine geiter kosar seg på Anestølen. Her får vi eit lite innblikk i kvardagen til Selseng Gardsysteri.

Knut Arne Laukeland har delt ein liten videosnutt av kviger og kyr som kosar seg på Laukelandsstøylen. 

Eid Bondelag har laga ein video som syner korleis seterlivet hos Anne Inger Moen og Inge Lindvik på Sagesetra i Stad kommune går føre seg. 

På denne setra har det vore kontonuerleg seterdrift kvar sommar sidan 1974 (!) og i år er intet unntak. Tidlegare var det 5 gardsbruk som samla dyra sine på Sagesetra om sommaren, og no er det Moen og Lindvik samdrift som nyttar fjøsen. Her trivast både folk og dyr godt, sjølv med litt regn.

Hos Undredal Stølsysteri i Sogn får vi bli med inn i fjøsen der dei mjølkar geitene sine og ysteriet der mjølka vert bearbeidd. 

Nils Magne Gjengedal har delt ein video av kvigene og dei sina kyra sine som er slept ut på Gjengedalsstøylen i Hyen. Litt seinare i sommar kjem resten av buskapen på plass og det vert mjølking.

Vidare viser Nils- Magne oss inn i mjølkefloren på Gjengedalsstøylen.

Geitebonde Andras Wiese har to budeie som jobbar for han om sommaren, dei tek seg av mjøkinga slik at bonden sjølv kan reise på ferie.

Andreas har bygd opp alt på nytt på heimstølen og fjellstølen som tilhøyrer garden hans i Skjolden. Han vurderar å bygge nytt også på ein 3. støl for å utnytte utmarka maksimalt. Det er veg fram til heimsstølen og fjellstølen, så mjølka kan bli henta av Tine. Men han henter også mjølka sjølv, og lagar brunost og kvitost av den. Siste stølen som ikkje er i bruk endå, har ikkje vegforbindelse. Her vil ystinga skje på stølen.

Ranveig Årskog nyter dagane på Lotsstøylen (Lote Fellesstøyl).

Der går det i gjerding og skogshogging. Lotsstøylen har ei heilt upåklageleg utsikt. Når ein er på stølen å jobbar er det viktig å ta seg tid til ei lita pause med god mat, men der er òg viktig å kose med dyra. 

Støylskvia og selet til Ranveig Årskog på Lotsstøylen (Foto: Ranveig Årskog)

Mjølkekyrne kosar seg på beite på Lotsstølen, Lote Fellesstøl (Foto: Ranveig Årskog)

Nydeleg utsikt frå Lotsstøylen, og dyra som kosar seg med frisk og godt gras (Foto: Ranveig Årskog)