Open Gard på Mo er eit årleg arrangement. I år starta det 1.september klokka 12.00. 

 

I år fekk dei besøkande helse på høner, gris, sauer, storfe og hest. 

 

Det var veldig populært å ri på hest. 

 

Det var også stas å sjå på store traktorar. 

 

Dei besøkande kunne også kjøpe god mat under arrangementet. Nils Kjøsnes grilla både pølser og kotelettar. 

 

Folk kunne også kjøpe gode natronkaker. Dei var laga av Viksdalen Bygdekvinnelag. 

 

Dei smakfulle svelene var det Stardalen Bygdekvinnelag som laga. 

 

Høyhoppinga var ein velukka aktivitet. 

 

Klokka 16.00 var arrangementet over. 

 

Open Gard vart arrangert i samarbeid med 4H og skulen på Mo. Arrangørar var Bondelaga og Bygdekvinnelaga i Jølster og Gaular.