-Vi gler oss over at vi har teke igjen medlemstalet vi hadde ved nyttår i fjor. Då har vi nådd eit delmål. Men Nils Magne Gjengedal, som leier verveutvalet til Sogn og Fjordane Bondelag, understrekar at vi ikkje er ferdige med vervejobben. -Det gjeld å vere mange når vi skal få gjennomslag for viktige saker. Jo fleire vi er, jo lettare er det å påverke og skape betre rammevilkår og levande bygder.

I Sogn og Fjordane har vi 46 lokallag, og lokallaga har ein viktig funksjon som bindeledd mellom medlemane og organisasjonen. -Som medlem i Bondelaget har du noko du skulle ha sagt, meiner Gjengedal. I tillegg til å vere mange er det viktig å vere godt organisert og syne att i lokalsamfunnet.

Den viktigaste målgruppa for Bondelaget er den aktive bonden, men Gjengedal ser det som positivt om andre som kjenner tilknytning til landbruket vil vere medlemar. -Det er fleire og fleire som får augene opp for kva den norske matproduksjonen representerer, og ikkje minst kva for retning den skal ta i framtida, avsluttar Gjengedal.

Klikk her om du lurar på kvifor DU skal vere medlem av Bondelaget!

Leiaren av Sogn og Fjordane Bondelag sitt verveutval, Nils Magne Gjengedal, ser verdiane av å vere mange som løftar i flokk.