I Sogn og Fjordane vert 33,3 % av all mjølk produsert i lausdriftfjøs.  Om vi reknar at det kostar 25 kr/liter å flytte 1 liter frå bås til lausdrift vil totalkostnaden for å flytte dei resterande 65 millionar litrane vere ein stad mellom 1,6 og 1,7 milliardar kroner berre i vårt fylke, held Felde fram

- Styremedlemer og administrasjonen har den siste tida fått mange førespurnader frå mjølkeprodusentar som er uroa for framtida, og som ikkje ser korleis dei skal klare å halde fram som mjølkeprodusentar etter 2024.  Dette då dei, slik driftsøkonomien i mjølkeproduksjonen og investeringsverkemidlane er, ikkje finn det mogleg å gjere dei investeringane som skal til for å kunne byggje nytt fjøs tilpassa mjølkeproduksjon i lausdrift, seier fylkesleiar Anders Felde

Kravet om lausdrift kjem raskt og når ein ikkje ser at ein kjem i mål må ein ta ein ny runde for å finne meir fleksible løysingar som gjer at vi ikkje mister for mange mjølkeprodusentar med utgangspunkt i dette kravet, held Felde fram. Utviklinga og rammevilkåra for mjølkeproduksjonen er den absolutt viktigaste saka for distriktslandbruket og vi forventar ein djuptgåande gjennomgang av saka og løysingar.  Dyrevelferd er svært viktig, men det må vere samsvar mellom måla vi set oss og dei økonomiske rammene som vert lagt for at mål skal bli nådd.   Slik er det ikkje når det gjeld krav om lausdrift i 2024, avsluttar Felde som er glad for at det vert gjort ein grundig gjennomgong av denne saka i organisasjonen til hausten.

Ulike artiklar om saka:

http://www.nrk.no/rogaland/norske-bonder-ma-bygge-om-for-13-milliarder-1.12325391