Utdeling av optimistprisen 2012 på Eid til Helge Melheim og Kari Rogdo.  Dottera, Alexia, fekk pris for kreativt forslag til å utvikle landbruket på Eid.  Gjer som pappa og bygg fjøs!Sparebanken Sogn og Fjordane delte ut pris for beste svar på ein konkurranse under” open gard”.   Konkurransen gjekk ut på å besvare spørsmålet om kva må til for å auke matproduksjonen i Eid.   Alexia Melheim vann med : “ Gjer som pappa bygg ny fjøs.”   Foreldra Kari Rogdo og Helge Melheim fekk optimistprisen.   Dei har åleine bygt ny robotfjøs til ca 40 kyr og bør vere eit føredøme for famtidig satsing i dette fylket, meiner Lidvin Hage.

 

Årets lag 2012 i Norges Bondelag :)Det møtte ca 50 av medlemane i det svært aktive laget som i sommar vart kåra til årets lag i Norge.  Noko som også vart markert med kake til alle frammøtte.    Både årsmelding og rekneskap bar preg av den store aktiviteten og vart samrøystes vedtekne.  Seinare vart ulike tema diskutert, men med ein gjennomgåande opptimistisk tone, noko som gjerne andre kan lære noko av.  Dei var inn om tema som tollvern, marknadsordningar, korleis formidle jordbruket sine utfordringar framover og fornuftig utvikling av strukturen i mjølkeproduksjonen i høve til roboten.

Knut Tore Nes Hjelle held fram som leiar

Knut Tore hadde talt på knappane i førekant av møtet om han skulle halde fram som leiar, men hadde til slutt konkludert med at dette ville han halde fram med eit år til.  To av dei andre styremedlemene, Bjørn Haugland og Asbjørn Manseth vart takka av for godt arbeid gjennom fleire år.

 Leiar Knut Tore Nes Hjelle takkar Asbjørn Manseth og Bjørn Haugland for humørfylt innsats.  Utruleg kva da går å få dei to karane til å gjere :)  Alle foto: Per Martin Rafshoel