LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde.

 

- I Vestland, og fleire andre regionar er det meldt inn ynskje om å selje eit mykje større volum enn det som er avtalt i ordninga, seier Anders Felde.

Leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag er uroa over dei høge tala.

- Vesentleg fleire vil selje kvote enn det som er planlagt kjøpt opp. Dette er eit signal om ei dårlegare tru på ei framtid i mjølkeproduksjonen i vår region enn elles i landet.

Han trur at grunnen til at så mange ynskjer å selje i Vestland har bakgrunn i at vi har dei minste kvotane i landet, og at mange ikkje ser seg råd til å investere i forhold til lausdriftskravet.

- Det er eit veldig tydeleg signal som vi og politikarane må ta på alvor ved å forbetre investeringsverkemidla for dei minste bruka. Dette må løysast i jordbruksoppgjeret i 2020.

 

Nye tal frå Landbruksdirektoratet

Tal frå landbruksdirektoratet syner at det er 548 stykk som ynskjer å selje kvoten sin, 122 av dei bur i Vestland.

Tala frå landbruksdirektoratet finn du her.

 

Har sendt brev

16.januar drøfta styret i Sogn og Fjordane Bondelag saka på styremøte. Dei sendte brev til styret i Norges Bondelag der dei har fokus på å sikre produksjonsfordelinga.

Brevet kan du lese her.

Sjølv om Felde tykkjer det er urovekkande at så mange ynskjer å selje i Vestland, presiserer han at ordninga i utgangspunktet er positiv, då dei som held fram i større grad kan halde oppe produksjonen.