Møt opp på paneldebatt på Gjengedalsstøylen laurdag 29. august! Høyr kva dei lokale listetoppane i Gloppen meinar om korleis bruk og vern kan gå hand i hand i eit landskapsvernområde. Med særleg fokus på beite og rovdyr samt hytte/friluftsliv og næringsdrift.

PROGRAM

13.00 – 18.00 vert det ulike aktivitetar i regi av Turlaget; tur, padling m.m.  https://midtrenordfjord.turistforeningen.no

14.00 – 14.20 Kulturelle innslag frå lokale krefter i bygdene.

14.20 – 14.30 Kva betyr vegen for bruk av området?

15.00 -16.00 Støylen før og no – ei reise på Gjengedalsstøylen der vi får høyre om støylsdrift i ulike periodar heilt fram til vår tid. Ver med og sjå laging av smør, smaking av smør og saup. Kjøp deg ein rømaske og sjå ekte budeier.

16.00 – 17.00 Paneldebatt. Ordstyrar vert Eldgrim Fossheim, kjend reportar og programleiar frå NRK Sogn og Fjordane.

Fylkesmann Anne Karin Hamre kjem, kjem du?