ÅRSMØTE I JØLSTER BONDELAG: Møtet fann stad på Fjordamattunet i Støfringsdalen. 

 

11 personar kom på årsmøtet. På menyen sto det tradisjonsmat laga av Kari Støfringsdal. Ho fortalde også om bedrifta si, og erfaringar ved å starte opp. 

Henriette Sunde var utsending frå fylkesstyret, og orienterte om aktuelle saker. 

Tema på møtet var mellom anna landbruk og landbruksorganisering i Sunnfjord kommune, landbruksplast og reguleringsarbeid på E 39 frå Skei til Byrkjelo. 

 

Val

HELD FRAM SOM LEIAR: Geir Støfring. 

 

Geir Støfring held fram som leiar, og med seg i styret får han Jan Ove Flaten, Henning Støylen, Knut Harald Dvergsdal og Daniel Eikås (ny i styret). Jan Asle Bolset er vald til 1.vara, Henriette Sunde er vald til 2.vara og Ole Lorentzen er vald til 3. vara.

Merete Helgheim vart takka av som sekretær i styret, der ho har gjort ein god jobb gjennom fleire år.