VIKTIG: Jan Arve Midtbø meiner det er viktig å synleggjere landbruket.

 

- I dag har me sett på tre ulike gardsbruk med båsfjøs, seier Jan Arve Midtbø.

Han  fortel han er uroa for framtida deira, då ein kan risikere at bruka ikkje fornyar seg til lausdriftskravet.  

- Eg syns det er beklageleg, eg håpar gode båsfjøsar får halde fram ei god stund til.

Nestleiaren i Nordalsfjord Bondelag forklarar at alle politiske parti i kommunen var invitert med på oppleget til lokallaga i i Flora.

- Det er viktig å få med politikarane i tida rundt jordbruksoppgjet, me inviterte representantar frå alle parti. Likevel var det berre ein som stilte, ordføraren.

Kva tenkjer du om det?

- Det var veldig synd at fleire ikkje kom.

 

Godt opplegg

PÅ TUR: Ordførar Ola Teigen (Ap).

 

- Eg tykkjer dette var eit bra opplegg. Jordbruket er viktig for Flora kommune og bøndene er avgjerande for at bygdene ikkje skal gro igjen.

Ordføraren syns det var spennande å høyre på meiningane til dei frammøtte.

- Me tek bøndene på alvor og det var interessant å høyre korleis dei oppleve inntektene i landbruket.

 

- Kjekt

SYNTE FRAM FJØSEN: Arild Nordal og Rigmor Nordal.

 

- Det var veldig kjekt at lokallaga i kommunen ville besøke garden vår, seier Rigmor Nordal.

Ho og mannen driv med kyr, og har ein mjølkekvote på rundt 80 000 liter.

- Me ville syne fram båsfjøsen, skyt Arild Nordal inn. 

Skal de bygge om til lausdrift?

- Tankane er der, men med tanke på økonomien blir eg usikker avsluttar han.

 

Sjå bilete frå dagen her.