Aktiviteten ved Gloppen ungdomsskule er ein del av prosjekt "Framtid i landbruket i Sogn og Fjordane" 2010-13, der prosjektet har blitt prioritert med fylkeskommunal økonomisk stønad. Prosjektet går ut på at landbruksnæringa samarbeider med ungdomsskulen i Nordfjord om landbruksrelatert informasjon til elevane på 8-10 skuletrinnnet. Prosjektet har som mål å gje ungdomsskuleelevar betre kjennskap til landbruket og inspirasjon for vidare satsing på naturbruksfaget, mellom anna gjennom erfaring med arbeidsoppgåver på ein gard. I prosjektet inngår elles mellom anna informasjon og elevaktivitet i klassen med informantar frå bondelaget og landbrukssamvirket.

Gloppen ungdomsskule var fyrste skule med i prosjektarbeidet, med eit prøveopplegg for 2010. Dei har såleis opparbeidd seg god røynsle, - og rådgjevar ved skulen, Marit Reikvam, seier at erfaringane med prosjektarbeidet er så gode at dei ønskjer å vidareføre dette etter at prosjektperioden tek slutt neste år.

I prosjektet er det då tilrettelagt eit arbeidsopplegg på gard, for ei handplukka elevgruppe, som har ønskje eller trong for å ta del i arbeidsoppgåvene på eit gardsbruk. Som ein del av dette arbeidet har elevane laga ein flott reportasje med bilete frå deira aktivitet med jordbruksproduksjonen på garden.

Sjå rapport med bilete frå gardsarbeidet til elevane ved Gloppen ungdomsskule  klikk her