Pressefoto

 

- Brannar i landbruket kostar kvart år over 500 millionar kroner, og har store konsekvensar for bøndene som blir råka. Spesielt utsett er husdyrbygg, seier Pål-Arne Oulie, styreleiar i Landbrukets brannvernkomité.

 

Tiltak

Bonden sitt jemnlege ettersyn, kombinert med el-kontroll med sertifisert kontrollør kvart tredje år, er effektive tiltak for å redusere risikoen for at brann oppstår, fortel Oulie.

I eit husdyrrom blir elektrisk anlegg og utstyr utsett for fukt, fysiske påkjenningar og  gassar. I tillegg kan utviklinga over tid gjere el-anlegget underdimensjonert og ein kan kome til eit punkt der ein bør vurdere ei total rehabilitering.

 

Typiske teikn på at eit anlegg er modent for rehabilitering er:

- Mange ”permanente” skøyteleidningar.

- Mellombels monterte omnar og lampar.

- Sikringane bryt straumen ofte.

- Berre skrusikringar.

- Jordfeil på anlegget.

- Ineffektive varmekjelder og lyskjelder.

 

Meir info finn du på Landbrukets brannvernkomités nettsider: www.lbk.no.

Her finn du praktiske råd: http://www.lbk.no/Praktiske-rad