I fråsegna frå fylkesutvalet vert det vidare synt til fylkeskommunen si eiga fråsegn frå februar 2012 til landbruksforhandlingane og vidare til brotet i forhandlingane mellom regjeringa og landbruksorganisasjonane og pågåande aksjonar i samband med dette.
Sogn og Fjordane fylkeskommune meiner ingen er tent med ei langvarig konflikt om framtida for landbruket.  Fylkesutvalet oppmodar Staten om å ta viktige grep/justeringar, også for årets oppgjer. 

Til sist peikar fleirtalet i utvalet beståande av Ap, Sp og Krf på at eit konkret grep kan vere å justere tollregimet til fordel for norske matprodusentar.  - Eg tykkjer det er verdt å merke seg at representantane frå Frp, H og V ikkje gav si tilslutning til at ein skal sjå på moglegheitene for å justere tollregimet, seier fylkesleiar Per Hilleren.  Dei siganliserer med det inga vilje til at bonden skal kunne ta betalt for produkta sine i marknaden.  Det kunne ha vore kjekt å ha vita korleis høgre og venstre sin representant vil oppfylle sitt vedtak om å gje bondene ei inntektsutvikling på line med resten av samfunnet, utan å kunne auke prisane i marknaden avsluttar fylkesleiaren.

Meir på fylkeskommunen sine sider