-  Å tillate ynglingar av gaupe og jerv i Hordaland vil vere hinsides all fornuft i høve beitenæringa, held Felde fram.  Heile Vestlandet skal ha beiteprioritet.  Det er vedteke i Stortinget.  Utfordringane knytt til jerv er store for indre Sogn allereie no, og ein er heilt avhengig av årlege uttak av jerv for å kunne oppretthalde bruken av utmarka til beiting.  Skal ein legge til rette for yngling av gaupe i Hordaland vil det også påverke beitenæringa i heile region 1.  Det er rett og slett uakseptabelt, seier ein svært tydeleg fylkesleiar.

Oppmodinga om å reetablere gaupa i Hordaland vart gjort i møte i fylkestinget den 13. juni etter forslag frå partiet Venstre.  I møtet fekk vedtaket støtte frå Ap, MDG, SV, R og V medan Frp, H, Krf og Sp røysta imot.    Vedtaket er i strid med rovviltforliket som vart inngått på Stortinget.  I det forliket er ein tydeleg på at på Vestlandet skal beitedyra ha prioritet framom rovviltet. 

Her kan du sjå vedtaket som er gjort i Hordaland Fylkesting: Sak PS/33 Ymse (Midt på side 3 og utover)

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane står støtt

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane drøfta, med bakgrunn i vedtak i fylkestinget i Hordaland,  rovviltpolitikken.  Fylkesutvalet står støtt på gjeldande rovviltpolitikk og gjorde følgjande samrøystes vedtak den 20. juni:

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane syner til brev frå rovviltnemnda i region 1 og til vedtak i Hordaland fylkesting der fylkestinget ynskjer etablering av gaupe i Hordaland.    Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane støttar ikkje dette vedtaket.  Etablering av gaupe i Hordaland vil og ha konsekvensar for Sogn og Fjordane som ikkje er akseptable.  Det er allereie eit problem med jerv i beiteområda, og auka gaupebestand i nærliggande områder vil gje auka tap av beitedyr til rovvilt.   Fylkesutvalet syner til at Stortinget har vedteke at i region 1 så skal beitedyr ha prioritet, og krev at denne statusen vert oppretthaldt.