Fylkesutvalet handsama i møte den 22. november innspel til årets jordbruksoppgjer.  Vedtaket frå fylkesutvalet vart sendt til Landbruks- og Matdepartementet den 8. desember.   - Det er gledeleg at fylkesutvalet syner stor forståing for trongen for gode verkemiddel som kan sikre fornying av driftsapparatet, på dei mindre og mellomstore bruka i fylket, held Felde fram.  Desse bruka har sakka akterut økonomisk og treng eit løft.  Dei er også svært viktige for at vi skal kunne klare å stoppe nedgongen i dyrka areal i fylket.  - Klarar vi ikkje å få til ei fornying av driftsapparatet på desse mellomstore bruka vil vi ikkje kunne klare å oppretthalde og aller helst auke verdiskapinga frå  jordbruket i fylket.   - Det er difor gledeleg at politikarane her i fylket har forstått dette, så står det att å sjå kva regjeringa og deira støttespelarar seier når det dreg mot nye forhandlingar til våren, avsluttar Felde.