- Vi ser fram til å få lokale med betre ventilasjon, lys og varme, seier dei tilsette som har nytta helga til å flytte inventaret frå Hafstadvegen 39 til Hafstadvegen 21.  Ikkje den store flytteavstanden, men det har vore arbeidskrevande å gått gjennom eit stort arkiv med smått og stort samla gjennom over 50 år.  Arkivverdige orginalar har vorte tekne vare på, og dei er no trygt plasserte hos fylkesarkivet på Leikanger.

Dei nye kontorlokala ligg i 3. etasje, med inngang på vestsida der Førde kommune hadde sin hovudinngong før.  Etter å ha gått trappene eller teke heisen er det eit stykke å gå mot aust til endes i etasjen.  Der finn de oss.