- Samstundes har eg registrert i ulike media at han til tider kjem med utspel som ikkje vil henge på greip når det gjeld å kunne oppretthalde ein matproduksjon av noko vesentleg omfang i vårt fylke, seier ein spent Hilleren framfor årsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag.  Da vert spanande å høyre kva løysingar og ynskje han og hans parti har for matproduksjonen i Sogn og Fjordane. Eg er også glad for at administrerande direktør i AgriAnalyse Christian Anton Smedshaug har takka ja til å innleie og debattere framtidig matproduksjon saman med Rotevatn.  Smedshaug har gjeve ut fleire bøker der han ser matproduksjonen si framtid i lys av den økonomiske situasjonen i Eurpoa og verda, så eg ser fram til debatten mellom desse to karane, og eg håpar at utsendingane også tek tak og utfordrar i møtet.

Årsmøtet tek til på Sandane i dag og held fram til fredag.

Her finn du heile programmet for årsmøtet.