Fylkesårsmøtet vert skipa til på Skei den 7. og 8. mars.   I tillegg til utsendingar frå lokallaga er fleire gjester og politikarar invitert til årsmøtet sin første dag.

- Det er ikkje tvil om at norsk matproduksjon har store utfordringar som må løysast seier Felde.  Han tenkjer på marknadsbalanse, klimaendringar og dei konsekvensar dette har for kostnadsbiletet, inntekt og totaløkonomi på den einskilde gard.  I tillegg syner tala frå 2018 ein rekordhøg import av jordbruksvarer.  - Vi vert pressa frå alle kantar, og skal vi kome oss ut av dette uføret må både bonden, industrien og kjedane ta medvitne val om at norsk er bra for alle i landet vårt.  Det vil vere bra for heile Norge at ein større del av verdikjeden på mat vert produsert i Norge.  Det gjev sysselsetjing, verdiskaping og eit kulturlandskap som grunnlag for turisme og anna næringsliv i heile landet.

Programmet for Sogn og Fjordane Bondelag sitt fylkesårsmøte 2019.