Fullt hus og god stemning på bondekafe
Tysdag 3. april inviterte bondelaga i Flora kommune til både fjøsbesøk og bondekafe på Solheim skule. Denne kvelden var over 60 mennesker samla i Norddalsfjorden, og dei frammøtte fekk både sjå og lære meir om landbruket i kommunen.
- Dette er heilt fantastisk, fortel Jan Arve Midtbø.
Leiaren i Norddalsfjord Bondelag fortel at dei hadde håpa på godt frammøtte, men at dette var over all forventning.
- Det kom mange folk frå næringa, men også mange frå det politiske miljøet. Eg håpar folk ser optimismen som er i landbruket, og at politikarane tek det med seg inn i nye Kinn kommune.
Nytt fjøs i 2017
FRÅ VENSTRE: Knut Solheim, Anne Nygård Solheim og Rune Solheim.
- Det er kjekt med besøk, seier Rune Solheim.
Saman med sonen Knut og kona Anne Nygård Solheim viste han fram fjøsen som var bygd i fjor.
- Vi hadde eitt fjøs som var bygd i 1960, det var både umoderne og slitt. Vi bestemte at noko måtte gjerast, slik at det var noko å satse på for framtidige generasjonar.
I den nye driftsbygningen står det no 19 kyr, samt 48 ungdyr og stutar. I tillegg har dei Norddalsfjorden sin einaste mjølkerobot.
- Eg har fått ein del positive tilbakemeldingar på nye fjøsen, det er kjekt.
Imponert ordførar
ORDFØRAR I FLORA KOMMUNE: Ola Teigen.
-Dette har vore ein bra kveld, fortel Ola Teigen.
Ordføraren i Flora kommune seier at jordbruket og skogbruket er avgjerande for at folk vil bu i distrikta, og gler seg over investeringa Solheim og familien har gjort.
- Det var kjekt å kome inn i ein heilt ny fjøs, sjå korleis dei satsa med mjølkerobot og framtidsoptimisme.
Ein vellukka kveld
FULLT HUS: Folk frå heile Flora kommune var representert på bondekafeen, også bønder frå bremanger hadde teke turen.
- Eg er veldig nøgd med arangementet, seier Jan Arve Midtbø.
Under møtet på Solheim skule hadde Terje Heggheim, Anders Felde (leiar i Sogn og Fjordane Bondelag) og Ola Teigen innleiingar om landbruket i kommunen.I tillegg vart det spelt av ein kortfilm om landbruket i kommunen.
- Kor viktig er kveldar som dette for landbruket i Flora kommune?
- Det er alfa omega, avsluttar Midtbø.