I desse dagar gjennomfører Bondelaget "Bondeven"-kampanje, og vener vert utnemnd av lokal- og fylkeslag over heile landet. -Gjennom kampanjen i år set me fokus på dei gode råvarene som bøndene produserar. Me veit at me har mange gode medspelarar, som verdset våre produkt og som fremjar norske råvarer, seier leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren. Hilleren er stolt over at produkta som norske bønder leverer held ein høg kvalitet, og er takksam ovanfor dei som tek hand om råvarene frå landbruket og foredlar dei til produkt i verdsklasse. -Med bakgrunn i dette ønskjer me å utnemna dei tilsette ved Nortura sitt anlegg i Førde til Bondevener. Nortura er ein viktig støttespelar for bonden, og sikrar og forbrukaren gode råvarer over heile landet, poengterer Hilleren.

 -Denne prisen set vi utruleg stor pris på, seier fabrikksjef Eivind Fonn. På vegne av dei tilsette tok han i mot prisen under eit frukostmøte på anlegget i dag tidleg. Til stades på møtet var representantar frå dei politiske partia i fylket, og LO og NHO. Fonn nytta høvet til å understreke kor viktig bøndene og deira produksjonar er for verdiskapinga i fylket, og ringverknadane som følgjer for arbeidsplassar i industri og anna næringsliv. -I Sogn og Fjordane er mange sysselsette i landbruket. Om politikken som vert ført endrar på det, vil det medføre store konsekvensar for sysselsetjinga og verdiskapinga i fylket, sleg Fonn fast.

Fonn kunne syne fram eit effektivt og moderne slakterianlegg til frukostgjestane. -Vi har eit stort fokus på kvalitet, og då er handteringa av råvarene sjølvsagt viktig. -Mange tek mattryggheit som ei sjølvsagt sak, men det kjem ikkje av seg sjølv, avslutta Fonn.

Regjeringa si retning i landbrukspolitikken vil vere avgjerande for ressursutnytting og verdiskaping i Sogn og Fjordane.