LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde. 

 

-  Prosessen skal vera frivillig, tvangsekteskap er ikkje Bondelaget verdig. 

Det seier Anders Felde. Han fortel at Sogn og Fjordane Bondelag vektlegg nærleik til medlemmene og lokallag, bondenytte, tidsbruk og 17 godt fungarande fylkeslag i dag, som viktige grunnar for at ein ikkje skal drive med tvangssamanslåing. 

- Vi trur færre tilitsvalde på regionaltnivå vil auke arbeidsmengda for tilitsvalde, og dermed gje dårlegare kontininutet  blandt dei tillitsvalde på regionalt nivå. Det er negativt for det næringspolitiske arbeidet i heile det næringspolitiske arbeidet i Norges Bondelag. 

Felde tok ordet i organisasjonssaka under årsmøtet på Lillehammer.

- Vi driv i dag aktivt arbeid for å satse på matproduksjon i distrikta. Vi er redd dette kan bli svekka med ei tvangssamanslåing.