Leiar i Sogndal Bondelag, Jostein Flatland i samtale med to studentar

Saman med leiarane i nokon av lokallaga i sogn delte Hilleren ut lunsjpakkar og diskuterte norsk matproduksjon i samband med markeringa av bondevennkampanjen 2013.  Markeringa var lagt til den nye flotte kantina ved Høgskulen i Sogndal.

 

- Dette var ein kjekke dag på jobben konkluderte ein nøgd fylkesleiar.  Det er kjekt å møte forbrukaren og snakke med dei om yrket vårt og om viktigheita av å styrke den norske matproduksjonen for framtida.  Vi treng dialog med  samfunnet kring oss, og heldigvis støttar det store fleirtalet ein framtidig norsk matproduksjon minst på nivå med dagens produksjon, avsluttar Hilleren.

Jostein Flatland saman med dotter til Nils T. Bjørke