Framleis bærekraftig utvikling av pelsdyrnæringa

Publisert 20.12.2016

Næringskomiteen går inn for framleis gruppehald av dyr for pelsdyrprodusentar så fremt dei føl nytt dyrevelferdsprogram.

I dag kom komiteen si endelege innstilling om pelsdyrnæringa. Eit fleirtal beståande av regjeringa, Sp og Krf går inn for ei bærekraftig utvikling av næringa, men med mellom anna skjerping av krava til hald av mink.  Kun bønder som deltek i eit nytt dyrevelferdsprogram kan ha gruppehald. Dei som ikkje klarar å oppfylle krava må redusere talet mink i kvart bur til maks to.

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde er nøgd med innstillinga frå komiteen.

- Dette sikrar ei bærekraftig utvikling for næringa og er i tråd med dei innspela som Norges Bondelag gav til Næringskomiteen, held Felde fram

- Denne innstillinga gjev framleis grunnlag for økonomisk bærekraftig utvikling for pelsdyrnæringa og den vil gjere det mogleg å tenke langsiktig som pelsdyrprodusent.

Sikrar god dyrevelferd

I det foreslåtte dyrevelferdsprogrammet understreka Bondelaget at det skal stillast krav til dokumenterte resultat om dyrevelferd på farmen og at dette skal gå ut over dagens minstekrav i det offentlege regelverket.

- Næringskomiteen sitt fleirtal har komme fram til gode løysingar som ivaretek både dyrevelferd og økonomiske moglegheiter for næringa,

Bondelaget har heile tida vore tydelege på at dyr skal ha det bra uansett produksjon, og at tiltak som medverkar til høgare dyrevelferd er positivt.  I innstillingen går det fram at ein ynskjer at programmet skal kontrollerast av Mattilsynet.  

Næringskomiteen sitt forslag legr til rette for at Norge kan vere eit foregangsland for dyrevelferd innan pelsdyrnæringa.

Forsking

Det har vore usemje innan fagmiljøa om kva som vil gje best dyrevelferd for pelsdyrhald. Bondelaget sitt standpunkt om framleis  gruppehald av mink kviler på forsking som konkluderer med at god kompetanse hos røkteren, endringar gjennom avl og såkalt miljøberikelse, er viktigere velferdsfaktorer enn talet dyr i buret.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere