Småbruket til Jomar Haukås ligg fint til i Kaupanger, på eit platå 500 meter over havet. Her frå  "tippar" det rett ned i Sognefjorden. Haukås er 10. generasjon på bruket -For å seie det som det er, til småbruket er det lite jord og dårleg jord. Og med 14 hus og vedlikehalde tenkte eg at eg måtte finna på noko den gongen eg skulle overta, fortel Jomar Haukås. Han funderte og grubla, men syntest det var vanskeleg å kome opp med konkrete idéar. På ein helgetur i Lærdal kom det han karakteriserer som "openberringa ved elvebreidda". - Idéen var enkel. Eg ville lage eit fiskevatn, seier Haukås. Han reiste heim til far sin og presenterte idéen, og vart nokså overraska då faren slett ikkje var avvisande. -Far min sa at han skulle hjelpe til, men at eg laut betale, ler Haukås. 

Men det var sjølvsagt mange søknadar og godkjenningar som måtte på plass. Det bar laust med skogrydding, og etter to og eit halvt år kom det klårsignal om at det kunne setjast ut fisk. -Eg vart vel litt "besatt" av å få det til, og brukte mykje tid på prosjektet. Ein må ha pågangsmotet skal ein setje i gong med noko sånt, understrekar Haukås. 

Prosjektet gjekk framover, og Haukås måtte skaffe kundar. Og kven skulle det vere? -Eg tenkte på turistar ved lokale hotell, og tyskarar på bubilferie. Men eg sleit med å finne nøkkelen. -Så fekk eg litt tilfeldig ein førespurnad frå ei bedrift som hadde vore på utflukt til Namsen sju år på rad utan å få laks. Dei kom til meg, fiska og vart nøgde, smiler Haukås.  "Du har jo flyplassen i hagen", sa dei. -Og då forstod eg kven som var den rette kundegruppa. Vi måtte skilje oss ut frå alle andre, og tilby forretningsfolk noko anna enn det dei opplever på hotell, minnast Haukås.

-Kortreist mat har blitt eit populært omgrep, men dette har vi fokusert på i over 20 år. Bedrifter kjem for å ha møte, men får samstundes med matopplevingar og natur. I tillegg til fiske, kan Haukås i sesongen tilby gruppene hjortejakt saman med jaktguidar. Når han har besøk av ei gruppe er det desse som står i fokus, og han lagar opplegg som er tilpassa dei. -Salsprosessen er "komisk", seier Haukås. Marknadsføringa går av seg sjølv, ved at grupper som har vore på besøk fortel om det til andre. -Me har nokre kontrastar her og nokre kvalitetar som me som bur her ikkje ser, seier Haukås. Og så kan ein nå svært langt med å ha litt flaks og vere litt flink, avsluttar han.