LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde. 

 

Tala frå Budsjettnemda for jordbruket syner inntektsutviklinga i næringa.  Denne utviklina vert lagt til grunn for kvart jordbruksoppgjer.

Den ferske prognosen frå Budsjettnemda syner at mjølkebonden på Vestlandet i snitt kan forvente ei inntektsendring frå 355 100 kr per årsverk i 2017 til 344 500 kr i 2018.

- Dette er alvorleg.  Inntektene til bonden går ned, medan resten av samfunnet dreg frå. Det gjev eit steikje krevjande utgangspunkt for dei nært føreståande jordbruksforhandlingane, seier Anders Felde.

På landsbasis kan bonden i snitt forvente ein inntektsnedgong på 8000 kr per årsverk frå 2017 til 2018.  Slår den nasjonale prognosen til vil inntektsgapet mellom jordbruket og resten av samfunnet auke.

- Framtida til norsk landbruk avheng av at unge bønder torer å investere, slik at vi kan ha ein trygg og bærekraftig matproduksjon over heile landet.  Det lukkast vi ikkje med dersom inntektene til bonden sakkar akterut, held Felde fram.

Den forventa inntektsnedgangen for bonden skuldast særleg ein stor kostnadsauke for drivstoff, mineralgjødsel og kraftfôr, ingen volumvekst i norsk matproduksjon, og tilnærma ingen prisvekst i marknaden.

 

Framleis lågt inntektsnivå for dei minste mjølkebøndene

I 2018 kan ein mjølkebonde med 15 kyr forvente ei inntekt på 324 300 kr per årsverk.  Til samanlikning kan ein mjølkebonde med 65 kyr forvente ei tilsvarande inntekt på 462 800 per årsverk. Dei minste mjølkebruka kan forvente ein liten inntektsoppgang dette året.

- Det er sjølvsagt positivt at de minste mjølkebruka ikkje går ned i inntekt, men inntektsnivået for dei små er framleis mykje lågare enn for større mjølkebruk, seier Felde.

 

Bakgrunn:

  • Budsjettnemnda for jordbruket (BFJ) utarbeider årleg grunnlagsmateriale til jordbruksforhandlingane. Nemnda har som hovudoppgåve å legge fram materiale som kan danne grunnlag for vurdering av jordbruket si økonomiske stilling, først og fremst til bruk under dei årlege jordbruksoppgjera.
  • BJF legger fram Totalkalkylen som er eit totalregnskap og budsjett for jordbruket i Norge. I tillegg legg dei fram en oversikt over utviklinga for utvalde referansebruk, som består av rekneskapsresultat for eit utval av bruk i ulike områder, driftsform og storleik i Norge.
  • Jordbruksforhandlingane mellom jordbruket sine faglag (Norges Bondelag og Norsk Bonde og Småbrukarlag) og staten startar i slutten av april.  Forhandlingane skal etter planen ende i avtale eller brot innan 17. mai.

 

Les meir om budsjettnemda for jordbruket her.