STOLT BONDE I SVEITS: Christoph Dürr. 

 

- Eg kom hit for å fortelje korleis vi produserer grønsaker og mjølk heime i Sveits, fortel 27-åringen frå Gamst nær den austeriske grensa.

Saman med kjærasten tok han turen heilt til AgroNordVest i Loen 21. januar på det som var hans første norgesbesøk. For ein fullsett sal fortalde den unge gardbrukaren om korleis livet er som bonde i Alpane.

- Heime har me 60 mjølkekyr, 180 epletre, 20 dekar med graskar, 20 dekar med brokkoli, 20 dekar med blomkål, 40 dekar mais og 20 dekar med kveite.

 

- Happy cows, happy farmer, happy life

- Kyrne er mine arbeidarar, difor må eg gjere det best mogeleg for dei. Til dømes nyttar kyrne båsar med kompost i botnen og halm øvst. Dette har utan tvil hatt effekt på liggetid og dyra si yting, forklarer den sveitsiske gardbrukaren.

Dürr fortel at kyrne har tilgang til uteareal, også når det snøar. 

- Eg ser dei har det bra, då har eg det godt eg også. 

 

 

Les gjerne bondevennen sin reportasje om Chrisoph Dürr her.