2. juni 2020 tredde forskrift om stopp i nydyrking av myr i kraft, av omsyn til klimaet. - Primærstandpunktet til Bondelaget har vore at vi er skeptisk til forbodet og at kunnskapsgrunnlaget kring forbodet har vore for svakt, seier Anders Felde.

Når forskrifta først er komen forventar vi at søknadane om dispensasjon frå forbodet vert reelle og at ikkje andre delar av forskrifta set ein stoppar for dispensasjonen, påpeikar Felde.

I §5A (nydyrkning av myr) er det opplista tre punkt der kommunane kan gje dispensasjon til nydyrking av myr. Det skal vere mogleg å søkje om dispensasjon dersom grunneigar mistar areal, for å utvikle drifta utan andre alternativ eller for å ivareta særskilte produksjonar i myr på fjellgrunn.

Det var i 2019 at Stortinget vedtok forbod mot nydyrking av myr. Dei var då samtidig tydlege på at forskrifta skulle gje rom for bonden å utvikle garden og matproduksjonen.  

Det er ein god del av myra som kunne blitt omgravd, det vil sei at ein grev vekk myr til ein kjem ned på mineraljord. Ein legg myra til sides, grev av mineraljorda, fyller på med i myr igjen og dekker til med mineraljord. Ein vil då legge «lokk» på myra, og dette fører til at det ikkje kjem noko høgare utslepp frå dette arealet samanlikna med andre.  

Informasjon om endringar i reglane om nydyrking finn du her.

Veiledar til forskrift om nydyrkning finn du her.