Dei regionale miljøtilskota blir rullerte om lag kvart fjerde år, som ein del av regionalt miljøprogram. Fylkesmannen i Vestland har utarbeidd eit forslag til regionale tilskotsordningar for perioden 2019–2022. Forskrift for dei regionale miljøtilskota i jordbruket i Vestland er no på høyring.

Tilbakemeldingar kan sendast til fmvlpost@fylkesmannen.no innan 1. april 2019.

Fylkesmannen har òg utarbeidd utkast til regionalt miljøprogram for Vestland for perioden 2019–2022. I tillegg til å omtale dei regionale miljøtilskota, er dette er eit strategidokument der Fylkesmannen har prioritert og belyst utfordringar knytt til miljøverdiar i jordbruket sitt kulturlandskap. Prioriteringa av utfordringar i regionalt miljøprogram dannar grunnlag for utvalet av tilskotsordningar i dei regionale miljøtilskota. Regionalt miljøprogram gjev òg føringar for dei kommunale tiltaksstrategiane for spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) og for klima- og miljømidlane. Det er sjølve forskrifta som er på høyring, men dokumentet Regionalt miljøprogram for Vestland for perioden 2019–2022 er eit viktig bakgrunnsdokument.

Landbruksdirektoratet vedtok i 2018 ein Nasjonal instruks for regionale miljøtilskudd. Den nasjonale instruksen inneheld ei fullstendig liste over moglege tilskotsordningar som kan inngå i dei regionale miljøprogramma, og instruksen set vilkår for kvart tiltak. Fylka definerer eigne miljøutfordringar med tilhøyrande strategiar, og på grunnlag av dette vel fylka tiltak til sitt regionale miljøprogram frå den nasjonale instruksen. Den nasjonale instruksen gjev rom for at fylka for einskildtiltak kan velje kva område eller areal tiltaka skal gjelde, nedre og øvre grense for kor mykje det kan søkast på, og krav til beitetrykk/beitetidspunkt/beitelengde. For nokre av tiltaka kan eller skal Fylkesmannen utarbeide skjøtselsråd for å sikre at skjøtselen blir gjennomført slik at verdien i tiltaket blir tatt vare på eller forbetra.

Ved kontroll skal kommunen kontrollere om måloppnåinga med tilskotet er oppfylt, i staden for å kontrollere sjølve tiltaket som er gjennomført. Eit gjennomført skjøtselstiltak kan vere ein indikasjon på om målet er nådd, men dette er ikkje formålet med tilskotet. Eit døme på vurdering av måloppnåing  kan vere å sjå om kystlyngheia sin eigenart er vareteken etter beitesesongen. Dersom kystlyngheia er gjengrodd eller overbeita, vil ikkje dette vilkåret være oppfylt.

I jordbruksoppgjeret 2018 vart det fastsett at alle fylke skal ha tilskot til bratt areal, stølsdrift i minst 6 veker og nedlegging eller nedfelling av husdyrgjødsel som tilskotsordningar i sine regionale miljøprogram.

Forslaget til forskrift er utarbeidd av Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, frå 1. januar 2019 slått saman til Fylkesmannen i Vestland. Forslaget er utarbeidd i samråd med Hordaland Bondelag, Sogn og Fjordane Bondelag, Hordaland Bonde- og småbrukarlag og Sogn og Fjordane Bonde og småbrukarlag.

Under arbeidet har Fylkesmannen rådført seg med ei ressursgruppe (Miljø- og kulturlandskapsgruppa i Vestland) samansett av representantar frå faglaga nemnde over, Hordaland fylkeskommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, NIBIO Fureneset, Norsk Landbruksrådgiving Vest og Fylkesmannen i Vestland.

På Fylkesmannen i Vestland si heimeside finn du høyringsdokumenta