MØT "THORVALD": Roboten  slår graset, og kan på sikt ta over slåttearbeidet for bonden. 

 

- Dette er veldig spennande, seier fylkesleiar Anders Felde. 

Målet er at roboten skal bli heilautomatisk, og på sikt overta slåttearbeidet for bonden. 

- Roboten er drifta på straum, og det er positivt for klima. I tillegg veg den mykje mindre enn ein traktor, og me kan difor slå graset oftare utan å øydelegge bakkane. I dag slår me 2-3 gonger, men med roboten kan me slå 5-7. Det kan bety større avlingar, og betre kvalitet. 

 

I Fjaler det skjer

SPENNANDE PROSJEKT:  Det meiner fylkesleiar Anders Felde (i midten på bilde). 

 

- Tysdag 21.mai kom roboten til Furuneset i Fjaler. Her vil den vera i heile sommar. 

Den tekniske delen av forskingsprosjektet vert leia frå NMBU (Norges miljø- og biovitskaplege universitet), medan produksjonsdelen vert leia av NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) på Furuneset i Fjaler. 

- Det er veldig kjekt at det føregår forsking på Vestlandet, og at roboten skal slå her gjennom sommaren. 

 

Mykje arbeid gjenstår

FRAMTIDA: Forskingsprosjektet "Grassrobotics" har ein sum på cirka 12 millionar, og skal vera ferdig i 2021. 

 

- Roboten går av seg sjølv, den går på GPS signal og  har innebygde sensorar forklarar Felde.  

Sjølv om roboten kan mykje, skal den framleis vidareutviklast. 

- Det står igjen ein del ting, men prosjektet skal ikkje vera avslutta før i desember 2021. 

 

- Trur du at  me vil sjå mange robotar på gardane framover?

Forskinga  vil vise om dette kan fungere, og  deretter må me sjå om dette er kommersielt interssant avsluttar Felde.