Anders Felde

 

- Det var ein fantastisk dag, med mykje motiverte mjølkebønder. 

Fylkesleiar Anders Felde, er godt nøgd med arrangementet i Jølster. Nesten 200 personar møtte på temadagen, som handla om lausdrift og mjølkeproduksjon fram mot lausdriftskravet i 2024. Ifylgje Felde arrangerte Sogn og Fjordane Landbruksselskap ei svært vellukka samling, med gode innlegg og engasjerande diskusjonar. 

- Det var verkeleg bra. Eg trur det er mogeleg å halde på strukturen me har i fylket framover, eg meiner at den er bærekraftig.

 

- Kjekt å høyre

- På møte fekk me høyre på mjølkbønder som satsa, det var moro. Det syner at landbrukspolitikk er viktig. 

No håpar Felde at temadagen vert ein tradisjon.

- Eg håpar dette vert gjort i åra framover også, det hadde vore kjekt å fått til ei årleg samling.